Fager kveldsol smiler

 

1. Fager kveldsol smiler over heimen ned,
jord og himmel kviler stilt i heilag fred.

2. Berre Bekken brusar frå det bratte fjell,
høyr, kor sterkt det susar i den stille kveld!

3. Ingen kveld kan læra bekken fred og ro,
ingi klokke bera honom kvilebod.

4. Så mitt hjarta stundar, bankande i barm,
til eg eingong blundar i Guds faderarm

 
 
Noter8.png