Fagert er landet

 

1. Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav, soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud; såleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.

2. Tidi ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los radt til dei seinaste ætter.
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud, varda vårt land frå fjell til flud.
Lær oss å gå dine vegar!

3. Signa då, Gud, vårt folk og land, signa vårt strev og vår møde,
signa kvar ærleg arbeidshand, signa vår åker med grøde!
Gud, utan deg den vesle urt veiknar og visnar, bleiknar burt,
ver du oss ljoset og livet!

 
 
Noter9.png